top of page

Martin Phillip Winter

Sjefsdirigent 

Martin P. Winter (f. 1965) er inne i sin andre periode som sjefsdirigent for Manger Musikklag (2017-). Han har bakgrunn frå det engelske brassband-miljøet der han i fleire år var principalkornettist i brassband som Desford Colliery, Foden's, Fairey og YBS. Etterkvart satsa han på musikk på heiltid, og byrja studia sine ved Royal Northern College of Music i Manchester med Howard Snell som lærar. Samarbeidet mellom desse to var ein suksess, og Martin vart mellom anna kåra til Cornet Champion of Great Britain i 1981.

Han var assisterande solotrompetar i BBC Philharmonic Orchestra i åtte år, før han i år 2000 flytta til Bergen for å spele i Bergen Filharmoniske Orkester der han no er alternerande solotrompetar. Martin er også trompetist i Bergen Big Band.

Martin var først sjefsdirigent i Manger Musikklag i perioden 2008-2014, og stod i spissen for ei musikalsk kursendring for korpset som blant anna førte med seg fleire sigrar både nasjonalt og internasjonalt - og her må sigeren i Europameisterskapen for brassband i Montreux i 2011 nemnast spesielt. Han har dessutan komponert ei rekkje underhaldningsprogram for MML som blant anna er dokumenterte på plata "Mangernetisk" (2013). 

Soloplata hans, «A Winters Tale» (2003), vart kåra til årets beste soloalbum hjå nettstaden 4barsrest det året den kom ut, og fekk terningkast 6 i Bergens Tidende.

Foto: Anne Kolstad Morken

Peter Sebastian Szilvay

Peter Szilvay (f. 1971) er utdanna bratsjist og dirigent ved Norges Musikkhøgskole (NMH) i Oslo, og er ein sentral skikkelse i norsk musikkliv. I 1996 dirigerte han Kringkastingsorkestret som avslutning på diplomstudiet sitt ved NMH, før han var dirigentstipendiat hjå Stavanger Symfoniorkester i perioden 1998–-2000. Peter vann den norske dirigentkonkurransen ”"Årets dirigent"” i 1999 og det same året inviterte Mariss Jansons han inn som sin assistent i Oslo Filharmonien, der han var i tre år.

I løpet av karriera har Peter dirigert St. Petersburg-filharmonien, Göteborgs Symfoniker, Radioorkestret i Paris, samtlige av dei større norske orkestra og militærkorpsa, med fleire. Han er ein entusiastisk ambassadør for ny musikk og har markert seg innanfor denne sjangeren saman med fleire av dei leiande ensembla som har dette som felt, og har til no leia over 160 urframføringar. I 2010 fekk han heiderstittelen “Årets utøver” av Norsk Komponistforening for fremjinga hans av norske, nolevande komponistar og den særlege innsatsen for norsk samtidsmusikk.

 

Den store fleksibiliteten hans har også gitt rom for arbeid med fleire typar musikkteater og ei rekkje forskjellige opera- og ballettprosjekt, mellom anna for operaen i Würzburg i Tyskland og Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika.

Han har også gjort fleire innspelingar, og har vunne Spellemannsprisen to gongar. Først med Oslo Filharmonien i 2009 for plata “Low Jive”, og seinast i 2019 med Ørjan Matre si plate "Konsert for orkester", med Oslo Filharmonien og fiolinsolist Peter Herresthal.

Peter Szilvay har hatt eit tett og godt samarbeid med Manger Musikklag sidan 2009, og løfta korpset til historiske høgder i 2011 då Manger Musikklag vart Europameistrar for første gong.

Peter 2.jpg

Foto: Lars Igesund

Bjørn Sagstad

Bjørn Sagstad (f. 1968) er frå Meland i Nordhordland og har den formelle utdanninga si frå Royal Northern College of Music i England, Griegakademiet i Bergen, Universitetet i Tromsø og NTNU i Trondheim. Han har også delteke på fleire meisterklassar med Jorma Panula, Tsung Yeh og Kirk Trevor som lærarar. I 1997 fekk han førstepris i den prestisjetunge Nordiske Dirigentkonkurranse i Sverige, og han var finalist både i Den Norske Opera sin dirigentkonkurranse i 1997, og i Den Norske Dirigentkonkurranse i 1998.

Bjørn har hatt ein omfattande dirigentpraksis i inn- og utland hjå mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Trondheim Symfoniorkester, Oulu Symfoniorkester I Finland, Musica Vitae I Sverige, Århus Sinfonietta I Danmark, Trønder Operaen, Trøndelag Teater, Hong Kong Sinfonietta, og nesten alle dei profesjonelle militærkorpsa I Skandinavia, samt The Royal Marine i Nederland, for å nemne nokon. Han er ein allsidig dirigent med eit repertoar som femner om både klassisk musikk, moderne musikk, ballett, opera, underhaldningsmusikk og folkemusikk.

Bjørn har mange jarn i elden: han er tilsett ved Manger Folkehøgskule, er tilknytt NMF sitt Maestra-prosjekt, har vore tilsett ved Universitetet i Bergen som førsteamanuensis i ensembleleiing ved Griegakademiet - Institutt for musikk sidan 2020, og frå september 2021 er han tilsett som professor ved Universitetet i Basel i Sveits, i tillegg til at han framleis er aktiv som dirigent både for amatørkorps og profesjonelle ensembler og orkester.
 

Bjørn Sagstad har hatt eit langt samarbeid med Manger Musikklag; først som medlem i kornettrekkja i sine yngre dagar, og seinare som dirigent på både plateinnspelingar og ei rekkje konsertar av alle sjangrar.

2L31SACDSagstad.jpg

Allan Withington

Allan Withington (f. 1956) vaks opp midt i det intense brassbandmiljøet i Nord-England der han vart undervist i kornett av faren sin, og etterkvart spelte solokornett i både Wingates band og Foden’s band.

Etter trompetutdanninga ved Royal Northern College of Manchester med Howard Snell som lærar jobba han med fleire av dei leiande orkestra i Storbritannia, mellom anna London Symphony Orchestra. No bur han i Noreg, er trompetist i Bergen Filharmoniske Orkester, og har i tiår spelt ei usedvanleg sentral rolle som dirigent i det norske brassbandmiljøet, mellom anna i Manger Musikklag, Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Krohnengen Brass Band, og Tertnes Brass, men spesielt som fast dirigent for Stavanger Brass Band sidan 2006. Han er også tilsett frå 2019, med første øving i februar 2020, sjefsdirigent for velkjende Carlton Main Frickley Colliery Band i Yorkshire, England.

Allan er ein svært attraktiv korpsdirigent som har hatt usedvanleg stor suksess i inn- og utland gjennom heile si karriere i brassmiløet. Han vart i både 2006 og 2012 stemt fram som “Conductor of the Year” hjå 4barsrest, i 2012 kanskje spesielt etter suksessen han opplevde med mellom anna Foden’s Band dette året. Han er spesielt kjend for sine kompromisslause og gjennomarbeida tolkingar av stykker i alle sjangrar, uansett samanheng, noko som hjalp MML til blant anna ein markant siger i WMC Kerkrade i 2013, og som dirigent på tre prisbelønte innspelingar med med korpset i perioden 2013-2017. Allan leia dessutan korpset som både komponist og dirigent under MML sine historiske framføringar av "No.5"; ei biografisk teaterførestelling om det franske ikonet Gabrielle "Coco" Chanel under Festspillene i Bergen i 2018.

Allan har sidan 2009 arrangert "Allan Withington's Conductor Summer School" i samarbeid med Soli Brass i Nederland, eit dirigentkurs som tiltrekk seg studentar frå heile verda kvart år.

Allan Withington var Manger Musikklag sin faste dirigent på slutten av 1990-talet. Han har vitja korpset hyppig ved fleire høve sidan den gong, både ved plateinnspelingar, konsertar og til konkurransar.

13147667_1755242628027653_43528037476967

Foto: goldy.uk

Philip Harper

Philip Harper (f. 1973) er best kjend som dirigenten til walisiske Cory Band som han tok over som dirigent for i 2012, og dei har hatt enorm suksess med sigrar eller pallplasseringar i det meste av konkurransar dei har stilt opp i sidan dei begynte sitt samarbeid. Før Philip tok over Cory dirigerte han mellom anna Tongwynlais Temperance Band og Flowers Band. Lesarane på 4barsrest har stemt han fram som "Conductor of the Year" i både 2013, 2015, 2016, 2019 og 2020.

Som ung musikant var han althornist, og han var ein av finalistane the BBC Young Musician of the Year i 1991. I åra etter dette tok han mastergrad i komposisjon ved University of Bristol.

Philip Harper og MML samarbeidde mellom anna til NM i 2014-2016, og seinast til konsert i november 2019.

Foto: John Southcombe

Professor David King
 

Australske David King har i over 40 år hatt ein framtredande karrriere som internasjonal dirigent, instrumentalist og musikkpedagog.

David King vart tildelt tittelen “International Brass Musician of the Year” i 1992 og fullførte sin doktorgrad i musikk i 2000 - den første mottakaren av ein doktorgrad innan forsking på utøvande musikk i britisk universitetssektor.

I 2003 vart han tildelt eit professorat og før 2009 var han leiar for utøvande musikk ved University of Salford i England.

Frå 2004-2007 var professor David King leiar for mastergradstudiet ved University of Salford - det største musikkutdanningsprogrammet knytta til forsvarsdepartementet i Storbritannia og Her Majesty’s Royal Marines.I 2002 vart professor David King dirigent og musikalsk leiar av ‘Massed Bands of the North West of England’ som opptrådde på avslutningsseremonien til samveldeleikane i Manchester.

David King har representert England i europameisterskapen for brass band som dirigent tretten gongar og er den einaste som har vunne tittelen ti gongar. Han har også vunne Noregsmeisterskapen for brass band ti gonger, Royal Albert Hall National Championships of Great Britain tre gonger (2010, 2011 og 2017) og British Open Brass Band Championships fem gonger (1997, 1999, 2001, 2003 og 2022).

Professor David King oppnådde ein eineståande ‘storeslem’ i 2003 ved å vinne alle dei fire store internasjonale musikkfestivalane for brass band i same år - Noregsmeisterskapen (Stavanger Brass Band), Europameisterskapen (Yorkshire Building Society Band), British Open Championships (Yorkshire Building Society Band) og North American National Brass Band Championships (Stavanger Brass Band).

Som hovuddirigent og musikalsk leiar for det legendariske Yorkshire Building Society Band (YBS) (1993 - 2006) inkluderer David King si forskings- og innspelingsportefølje ei definerande samling i tre bind, ‘Essay for Brass’ (Polyphonic Label), som har mottatt eineståande internasjonal anerkjenning innan brassbandverda.

Professor David King er ein av dei leiande innan formidling av blåsemusikk og har bestilt, koreografert, dirigert og urframført prisvinnande tematiske konsertprosjekt i samarbeid med internasjonalt anerkjende komponistar. Desse inkluderer Cry of the Celts, Voice of the Vikings, Hymn of the Highlands, Celtic Fusions, Symphonic Dances og War of the Worlds.

I 2005 dirigerte og leia professor King YBS sin Australiaturné ‘Kings of Europe’ som vart avslutta med ein verdspremiere av to store bestillingsverk som vart framførte i operahuset i Sidney - Sunburnt Land (komponist professor Brenton Broadstock) og Terra Australis (komponist Dr. Martin Ellerby). Som mottakar av Iles-medaljen frå The Worshipful Company of Musicians (London), vart David King utnemnd til professor emeritus av University of Salford i 2010.

Det siste tiåret har professor King hatt ei aktiv rolle både som frilansdirigent internasjonalt og musikkpedagog. Frå 2008 - 2015 var han kunstnerisk leiar for National Australia Brass Festival (NABfest) og musikalsk leiar for Australia sitt første nasjonale ungdomskorps (2013-2016).

Professor David King er for tida internasjonal leiar for korpsstudier ved Royal Northern College of Music i Manchester, Storbritannia. Han er også leiar for National Australia Brass Academy og i 2018 vart han utnemnd til musikalsk leiar for det nystarta National Youth Brass Band of America.

I 2022 fullførte David King eit “hat trick” som vinnande dirigent i North American National Championships (Fountain City Brass – Kansas, USA) og i september 2022 mottok han Mortimer-prisen som den vinnande dirigenten ved British Open Brass Band Championships (Brighouse & Rastrick Band – Symphony Hall, Birmingham).

Pr. David King skal dirigere Manger Musikklag i NM 2023. David King og Manger har ei lang og suksessrik historie saman. David kom til Manger fyrste gong i 1989, og dirigerte NM 1990. Dette var starten på eit langt og svært godt samarbeid som gav svært gode resultat, m.a 4 Norgesmesterskap på rad, 94-97, siger i Siddis Brass 1997, EM-deltaking i 1995, CD innspelingar og ei rekkje konsertar i inn og utland.

Det er no nøyaktig 25 års sidan sist David hadde Manger i NM.

Vi er svært glade for å igjen ynskje David velkommen til Manger Musikklag og ein ny generasjon får oppleve denne fantastiske dirigenten.

_ DK photo.PNG

Maria Nygård Molund

Maria Nygård Molund (1979) har bachelorgrad i utøvande klassisk tuba frå Norges musikkhøgskole, mastergrad i direksjon frå Royal Northern College of Music (RNCM) i England og mastergrad i korpsdireksjon frå Sibeliusakademiet i Finland. Ho arbeider i dag hovudsakeleg som frilans dirigent for profesjonelle og amatørkorps, og ulike orkester både i Norge og utanlands, m.a. Stavanger Symfoniorkester, Marinemusikken, Sjøforsvarets Musikkorps Vestlandet, Kharkiv Philarmonic (UKR), Manchester Kamerata (UK) og div militærkorps i Finland. Molund vert ofte brukt som dommar i korkonkurransar i Norge, og har heldt ei rekkje foredrag ved musikkuniversitet, vidaregåande skular, via NMF og på konferansar i inn og utland. Under sitt studie ved RNCM jobba ho ekstra mykje med opera, noko som leia videre til at ho i 2022 starta opp Viken operaakademi saman med Hedda Dicanio- Bakker. Viken operaakademi skal kvart år setje opp fulle overproduksjonar på Østlandet. Ho programmerer ofte opera inn i sine konsertar med amatørkorps, og brenn for å byggje eit sterkare amatørmiljø innan opera i Norge.

Maria speler også i kvartetten All About That Bass, Norge sin einaste profesjonelle kvinnelege tubakvartett.

Kopi av Maria Molund bilde.jpg
bottom of page