Infopanel
NM-siger til Manger!
Endeleg kom NM-trofèet heim til Radøy.
 Fotograf: Marianne Valeberg Nornes
Under Noregsmeisterskapen i Grieghallen denne helga, leverte Manger Musikklag to flotte konsertar under sin fantastiske dirigent, Peter Szilvay, og vart dermed krona til Noregsmeistrar. Korpset fikk ein samla poengsum på 95 poeng, eit halvt poeng framfor Eikanger-Bjørsvik Musikklag på 2.plass. Ekstra stolte er me over solotrombonist, Birgitte B. Bruget, som vann solistpris for sitt vakre spel.
Dommarene vart svært imponert over Manger, og trakk særskilt fram Musikklagets klang og musikalitet, "... jeg opplevde stor og nobel orkesterklang..." skreiv Torodd Wigum, medan John Wallace vart rørt: "Thank you for making beautiful sounds. I was moved".

Etter tre år med skuffande plasseringar kunne endeleg formann Nils Arne Træland løfte kongepokalen til værs som ein nybakt Noregsmeister, medan eit lukkeleg korps kunne slippe jubelen laus. For dei fleste er det nok tittelen som er viktigast, men pengepremien på 50.000 kroner er sjølvsagt også godt å få med seg.
Med NM-siger har Manger Musikklag også sikra seg plass i Europameisterskapen i Montreux 2011
Vi ynskjer å rette ein stor takk til Peter Szilvay, Martin Winter, organist William Kay og ikkje minst støttelaget som alltid stiller opp.
Sjå opninga på "...Dove Descending" på nrk sine nettsider.
Read More...
God Jul
Manger Musikklag ynskjer alle saman ei God Jul og eit Godt Nyttår!

MML på NRK P2
Ons dag 16. desember var Manger Musikklag eit av innslaga på radioprogrammet "Fanfare" på NRK P2. Det var eit opptak frå konkurransen SIDDIS BRASS, og delar av MML sitt program som blei presentert av programleder Eirik Os Simonsen.
Opptaket ligg ute på NRK sine nettsider, og der kan ein gå inn og høyre det i nokon veker framover.
Fanfare er et flott korpsprogram, og det er mykje spanende å høyre kvar veke anten du er janitsjar- eller brassbandfantast. Sendingane er onsdagar kl 20.30 på NRK P2.
Manger Musikklag inviterer til Julekonsert
Sundag 20. desember ynskjer Manger Musikklag saman med songsolist Lydia Hoen Tjore og dirigent Peter Szilvay, velkomen til Julekonsert i Manger kyrkje.
Read More...
Vellukka konsert på Manger og i Logen
Sundag 6. og tysdag 8. desember hadde Manger Musikklag den sjette konserten i serien "Tidenes Beste". Det var musikk frå 1970-tallet som stod på programmet, og publikum fekk mellom anna høyre musikk frå Edward Gregson, Eric Ball og Malcolm Arnold.

Solist David Thornton brillierte med flotte tolkingar av Joseph Horovitz sin "Euphonium Concerto" og Philip Sparke sin "Fantasy for Euphonium and Brass Band", og serverte på oppfordring frå publikum imponerande variasjonssoloar i tillegg.
Dirigent Bjørn Sagstad leia både band og solist trygt i mål, og me ser allereie fram til neste "Tidenes Beste"-konsert i mars då han kjem tilbake for å leie oss nok ein gong.

David Thornton saman med euphonuim/baritonegruppa til Manger Musikklag
|