Manger Musikklag inviterer til Julekonsert
Sundag 20. desember ynskjer Manger Musikklag saman med songsolist Lydia Hoen Tjore og dirigent Peter Szilvay, velkomen til Julekonsert i Manger kyrkje.
Lydia Hoen Tjore har til tross for sin unge alder allereie vorte eit navn som dei fleste har høyrt om. Ho var berre tolv år då ho song solo i den semi-profesjonelle oppsetjinga av musikalen "Which Witch" på Seim, og ho vart teken opp på det nasjonale talentprogrammet "Unge Musikere" allereie som 13-åring. Heile Noreg vart kjend med ho då ho nesten gjekk til topps og vart nummer to i fjernsynsprogrammet "Norske Talenter" i mai i år, og sidan det har ho mellom anna vore solist under Operafestivalen i Fredrikstad, og med Luftforsvarets Musikkorps under leiinga av dirigent Ole Edvard Antonsen. Ho speler i tillegg til dagleg kornett i både Sæbø Skulemusikklag og Oster Brass.

Manger Musikklag er også svært glade for at Peter Szilvay er tilbake framfor korpset til denne konserten for fyrste gong sidan NM i februar i år. Szilvay og Musikklaget slår seg saman igjen i arbeidet mot NM som kjem, og me gler oss til å ta skikkeleg fatt på dette prosjektet like etter juleferien.
For dei som ikkje kjenner Peter, avslutta han diplomstudiet i dirigering ved Musikkhøgskulen i Oslo i 1996. Han var dirigentstipendiat i Stavanger Symfoniorkester i perioden 1998-2000, og han vann den norske dirigentkonkurransen "Årets dirigent" i 1998. Dette var det same året som Mariss Jansons (kjend frå mellom anna Oslo Filharmoniske Orkester, Pittsburgh Symphony Orchestra, Concertgebouw Orkester i Amsterdam og Sinfonieorchester der Bayerischen Rundfunk i München) inviterte han til å vere assistenten hans, noko han var i tre år. Han har samarbeidd med ei rekkje orkester og profesjonelle korps rundt om i verda, blant anna var han kunstnerisk leiar for Forsvarets Musikkorps Vestlandet i perioden 2000-2003. Han dirigerer no Oslo Filharmoniske Orkester med jamne mellomrom, og har også dirigert St. Petersburg-Harmonien, Göteborgs Symfoniker, Kringkastingsorkesteret, Bergen Filharmoniske Orkester, med fleire, og spelt inn ei bråte med CD'ar med ulike ensemble.
I tillegg til vår eminente songsolist står Manger Musikklag sine eigne solistar i kø på denne konserten. Her skal både soloeuphonium Thor-Arne Pedersen, solokornett Thorgeir Thunestvedt og esskornettist Preben Johansen i elden undervegs.
Me vonar at dette høyrest freistande ut, og me ser fram til å spele Jula inn sjølvaste fjerde sundag i Advent, på heimebane.
Billettar: 100,- / 50,-
Vel møtt!
KONSERTPROGRAM:
"O Come All Ye Faithful" Trad., arr.: Wilkinson/Steadman-Allen
"Cavatina" Solist: Thor-Arne Pedersen Raff, arr.: Vinter
"Det hev ei rose sprunge" Trad., arr.: Matre
"Pie Jesu" Solistar: Lydia Hoen Tjore & Thorgeir Thunestvedt Lloyd-Webber, arr.: Steadman-Allen
"On With The Motley" Solist: Preben Johansen Leoncavallo, arr.: Farr & Woodcock
"O helga natt" Solist: Lydia Hoen Tjore Adam, arr.: Farr
"Hark the Herald Angels Sing" Trad., arr.: Wilkinson/Steadman-Allen
"Ave Maria" Solist: Lydia Hoen Tjore Franz Schubert, arr.: Røed
"Gøta" The Real Group, arr.: Kvamme
"Mitt hjerte alltid vanker" Solist: Lydia Hoen Tjore Trad, arr.: Matre
"Deilig er jorden" Trad., arr.: Tom Brevik
Comments
No Comments have been Posted.
Post Comment
Please Login to Post a Comment.
Ratings
Rating is available to Members only.
Please login or register to vote.
No Ratings have been Posted.
|
|
| | |
Copyright 2007 © Pål Magne Austnes
Powered by PHP-Fusion copyright © 2002 - 2010 by Nick Jones.
Released as free software without warranties under GNU Affero GPL v3.
1,310,962 unique visits | jQ Blog
|
| | |
|