Hordablæsten
I høve Hordablæsten 2010 ynskjer Manger Musikklag å gratulere vinnarane i alle klassar, og Radøy Brass og Sæbø Skulemusikklag for eit vel gjennomført arrangement!
Ekstra kjekt var det at fleire medlem i Manger Musikklag gjorde det bra med sine skulekorps denne konkurransen. I 2. divisjon brass sto heile tre av våre eigne musikarar på pallen med kvart sitt korps:
1. plass til Krohnengen Skoles Musikkkorps med Christian Breistein som dirigent.
2. plass til Sotra Vest Skulekorps med Thorgeir Thunestvedt.
3. plass til Sandnes Skulemusikk med Camilla Søderstrøm Tveit.
Dessutan fekk desse korpsa mange gode plasseringer i ensemble- og solistkonkurransane også. Det var ikkje kun som dirigentar Manger Musikklag fikk vist seg i helgen, Thor-Arne Pedersen, Christian Breistein og Birgitte B. Bruget virka og som dommarar under konkurransen.

Ein ekstra gratulasjon til desse Radværingane:
Endre Rydland Vetås frå Sæbø Skulemusikklag, 1. plass i solistklasse 3
Richard Sylta Antrobus frå Manger Skulemusikklag, 1. plass i solistklasse 4
og vår eigen Torgeir Andvik som vann med sitt ensemble frå Sandnes Skulemusikk i Ensembleklasse 4.
Fullstendige resultatlister ligg på Radøy Brass sine heimesider.
Comments
No Comments have been Posted.
Post Comment
Please Login to Post a Comment.
Ratings
Rating is available to Members only.
Please login or register to vote.
No Ratings have been Posted.
|