Manger Musikklag beklagar.


I fredagens utgåve av Bergens Tidene var "Tidenes Beste"-konserten på Manger, sundag 21. mars, oppført med feil tidspunkt. Dette beklagar vi, og vonar at dei som ikkje fekk høyrd konserten på Manger får moglegheit til å høyre Musikklaget i Logen i Bergen, tysdag 23. mars kl. 19.30.

Tina on 21/03/2010 23:10 | 0 Comments | Print

Hordablæsten



I høve Hordablæsten 2010 ynskjer Manger Musikklag å gratulere vinnarane i alle klassar, og Radøy Brass og Sæbø Skulemusikklag for eit vel gjennomført arrangement!


Ekstra kjekt var det at fleire medlem i Manger Musikklag gjorde det bra med sine skulekorps denne konkurransen. I 2. divisjon brass sto heile tre av våre eigne musikarar på pallen med kvart sitt korps:

1. plass til Krohnengen Skoles Musikkkorps med Christian Breistein som dirigent.

2. plass til Sotra Vest Skulekorps med Thorgeir Thunestvedt.

3. plass til Sandnes Skulemusikk med Camilla Søderstrøm Tveit.

Dessutan fekk desse korpsa mange gode plasseringer i ensemble- og solistkonkurransane også. Det var ikkje kun som dirigentar Manger Musikklag fikk vist seg i helgen, Thor-Arne Pedersen, Christian Breistein og Birgitte B. Bruget virka og som dommarar under konkurransen.

news: pokal.gif

Ein ekstra gratulasjon til desse Radværingane:

Endre Rydland Vetås frå Sæbø Skulemusikklag, 1. plass i solistklasse 3

Richard Sylta Antrobus frå Manger Skulemusikklag, 1. plass i solistklasse 4

og vår eigen Torgeir Andvik som vann med sitt ensemble frå Sandnes Skulemusikk i Ensembleklasse 4.

Fullstendige resultatlister ligg på Radøy Brass sine
heimesider.

Tina on 14/03/2010 19:40 | 0 Comments | Print

NM-siger til Manger!


Endeleg kom NM-trofèet heim til Manger

news: manger.jpg
Fotograf: Marianne Valeberg Nornes

Under Noregsmeisterskapen i Grieghallen denne helga, leverte Manger Musikklag to flotte konsertar under sin fantastiske dirigent, Peter Szilvay, og vart dermed krona til Noregsmeistrar. Korpset fikk ein samla poengsum på 95 poeng, eit halvt poeng framfor Eikanger-Bjørsvik Musikklag på 2.plass. Ekstra stolte er me over solotrombonist, Birgitte B. Bruget, som vann solistpris for sitt vakre spel.


Dommarene vart svært imponert over Manger, og trakk særskilt fram Musikklagets klang og musikalitet, "... jeg opplevde stor og nobel orkesterklang..." skreiv Torodd Wigum, medan John Wallace vart rørt: "Thank you for making beautiful sounds. I was moved".


news: Nils og Even hever NM-trofeet.JPG
Foto: Rolf Hestetræet

Etter tre år med skuffande plasseringar kunne endeleg formann Nils Arne Træland løfte kongepokalen til værs som ein nybakt Noregsmeister, medan eit lukkeleg korps kunne slippe jubelen laus. For dei fleste er det nok tittelen som er viktigast, men pengepremien på 50.000 kroner er sjølvsagt også godt å få med seg.

Med NM-siger har Manger Musikklag også sikra seg plass i Europameisterskapen i Montreux 2011

Vi ynskjer å rette ein stor takk til Peter Szilvay, Martin Winter, organist William Kay og ikkje minst støttelaget som alltid stiller opp.




Sjå opninga på "...Dove Descending" på nrk sine nettsider.




Read More...

Tina on 07/02/2010 14:51 | 0 Comments | Print

God Jul



Manger Musikklag ynskjer alle saman ei
God Jul og eit Godt Nyttår!


news: julestjerne.jpg

 

 

Tina on 25/12/2009 00:35 | 0 Comments | Print

MML på NRK P2


Onsnews: Radio.jpgdag 16. desember var Manger Musikklag eit av innslaga på radioprogrammet "Fanfare" på NRK P2. Det var eit opptak frå konkurransen SIDDIS BRASS, og delar av MML sitt program som blei presentert av programleder Eirik Os Simonsen.

Opptaket ligg ute på NRK sine
nettsider, og der kan ein gå inn og høyre det i nokon veker framover.

Fanfare er et flott korpsprogram, og det er mykje spanende å høyre kvar veke anten du er janitsjar- eller brassbandfantast. Sendingane er onsdagar kl 20.30 på NRK P2.

Tina on 16/12/2009 21:58 | 0 Comments | Print

MML-medlemmar med eigne heimesider

Thor-Arne Pedersen
Christian Breistein

Copyright 2007 © Pål Magne Austnes
Powered by PHP-Fusion copyright © 2002 - 2010 by Nick Jones.
Released as free software without warranties under GNU Affero GPL v3.
1,310,962 unique visits | jQ Blog