NM er over for denne gong
MML ynskjer å gratulere vinnarane i alle divisjoner i NM, og nytter samstundes høvet til å takke for alle gode tilbakemeldinger vi har fått i løpet av helga, både før og etter resultata vart offentlegggjorde.
Det er berre eit lite år til neste NM!
Snart er det NM
- No byrjar det å putre, erklærde MML sin NM-dirigent Bob Childs nøgd etter øvinga i Grieghallen i går kveld. Tre dagar før NM nytta laget høvet til å teste ut forholda i hallen og gjere seg betre kjend med lokalet og akustikken. Resten av veka heldt hardkøyret fram med konsert/open øving i Åsatun onsdag kveld kl. 19.00 før dirigenten legg siste hand på verket torsdag.
I år er det tredje gong Bob Childs vitjar MML som NM-dirigent, og han har med sedvanleg innsikt og engasjement styrt over to særs krevjande stykke. Pliktnummeret ”Odin” av Arthur Butterworth har faktisk i fleire år vore vurdert som eit mogleg sjølvvalt stykke av MML, og no vert det testa ut i konkurranse med resten av dei beste brassbanda i Noreg.
Bob instruerer kornettane og euph/bariton, men Kjetil er mest
oppteken av det fine taket i Grieghallen…
Før-NM konsertar
Manger Musikklag skipar til Før-NM konsert i Radøyhallen sundag 3. februar kl. 17:00. Gjester på konserten er Krohnengen Brass Band, Radøy Brass, Haukås Musikklag og Manger Old Star.
Onsdag 6. februar deltek MML på konsert i Åsatun saman med Haukås Musikklag og Os Musikkforening. Denne konserten startar kl. 19:00, og MML vil nytte høvet til å prøve ut "open øving"-konseptet, der vi i tillegg til gjennomspeling av begge NM-stykka vil bruke litt tid til øving og terping saman med dirigenten vår Bob Childs.
Flott julegåve frå kulturrådet til BrassWind og MML!
På siste rådsmøte i Norsk Kulturråd løyvde rådet 100.000 kroner til BrassWind festivalen 2008. Dette gjer det mogleg for MML og kunstnarisk ansvarleg Torstein Aagaard-Nilsen å vidareføre den ambisiøse satsinga frå årets festival. Det syner òg at kulturrådet anerkjenner arbeidet som er lagt ned over fleire år og den rolla festivalen speler i formidlinga av ny norsk musikk.
Link til tildelinga på kulturrådet sine heimesider.
_________________________________________________
BrassWind er ein årleg samtidsmusikkfestival for windband, brassband og profesjonelle aktørar der konsertinnhaldet er retta mot samtidsmusikk for korps og ensemble. BrassWind vart skapt i miljøet rundt Torstein Aagaard-Nilsen og Manger Musikklag, og det er MML som eig og produserer festivalen. BrassWind 2008 vert tilskipa 26.-28. september.
Tidenes Beste på radio!
MML sin siste Tidenes Beste-konsert vil verte presentert i to(!) radioprogram dei neste vekene. Det er NRK sitt korpsmagasin "Takt og tone" som gjorde opptak av konserten i Logen Teater 25. november, og programleiar Jan Eriksen (biletet) vil presentera utdrag frå denne konserten over to sundagar framover.
Fyrste del av konserten vert å høyra sundag 16. desember kl. 20.30, andre del kjem ei veke seinare, altså sundag 23. desember kl. 20.30. Kanalen er NRK P2.
Link til NRK sine programsider.
|
|
| | |
Copyright 2007 © Pål Magne Austnes
Powered by PHP-Fusion copyright © 2002 - 2010 by Nick Jones.
Released as free software without warranties under GNU Affero GPL v3.
1,310,962 unique visits | jQ Blog
|
| | |
|