NM-siger til Manger!
Posted by Tina on 07/02/2010 14:51
Endeleg kom NM-trofèet heim til Manger

Fotograf: Marianne Valeberg Nornes
Under Noregsmeisterskapen i Grieghallen denne helga, leverte Manger Musikklag to flotte konsertar under sin fantastiske dirigent, Peter Szilvay, og vart dermed krona til Noregsmeistrar. Korpset fikk ein samla poengsum på 95 poeng, eit halvt poeng framfor Eikanger-Bjørsvik Musikklag på 2.plass. Ekstra stolte er me over solotrombonist, Birgitte B. Bruget, som vann solistpris for sitt vakre spel.
Dommarene vart svært imponert over Manger, og trakk særskilt fram Musikklagets klang og musikalitet, "... jeg opplevde stor og nobel orkesterklang..." skreiv Torodd Wigum, medan John Wallace vart rørt: "Thank you for making beautiful sounds. I was moved".

Foto: Rolf Hestetræet
Etter tre år med skuffande plasseringar kunne endeleg formann Nils Arne Træland løfte kongepokalen til værs som ein nybakt Noregsmeister, medan eit lukkeleg korps kunne slippe jubelen laus. For dei fleste er det nok tittelen som er viktigast, men pengepremien på 50.000 kroner er sjølvsagt også godt å få med seg.
Med NM-siger har Manger Musikklag også sikra seg plass i Europameisterskapen i Montreux 2011
Vi ynskjer å rette ein stor takk til Peter Szilvay, Martin Winter, organist William Kay og ikkje minst støttelaget som alltid stiller opp.
Sjå opninga på "...Dove Descending" på nrk sine nettsider.
Extended News
Med Eikanger-Bjørsvik på 2. plass viste Nordhordland kor sterke brassband-krefter det er i området, og vi er sjølvsagt ekstra glad for denne "dobbeltsigeren". Det var ikkje berre Manger som rørte musikkelskare med si framføring i helga, les også denne sterke historien om dedikasjon og kjærleik til musikk.
Me ynskjar også å gratulere Radøy Brass med ein flott konsert, og 7. plass i 2. divisjon, og ikkje minst Manger Old Star Brass med 2. plass i 3. divisjon!
Resultat frå Elitedivisjonen:
1. Manger Musikklag (95/95) = 95
2. Eikanger-Bjørsvik Musikklag (98/91) = 94.5
3. Ila Brass Band (94/92.5) = 93.25
4. Krohnengen (93/93) = 93
5. Oslofjord Brass (92/92) = 92
6. Stavanger (90/94) = 92
7. Molde Brass (91/90) = 90.5
8. Sola Brass (88/89) = 88.5
9. Tertnes Brass (87/87) = 87
10. Oslo Brass (86/88) = 87