Bærekraft i Manger Musikklag
Manger Musikklag ser sitt samfunnsansvar og tar stort ansvar for rekruttering og aktivitet i lokalsamfunnet. Dette gjeld også ansvar for framtidige generasjonar og vi ynskjer å bidra til ei positiv utvikling av samfunnet.
MML har sin eigen ansvarsperson for berekraft som har eit særleg ansvar for dette området, som syter for at ein alltid tar omsyn til miljø og berekraft når det gjeld store og små val i kvardagen.

FNs bærekraftsmål
Korleis jobbar Manger Musikklag for FNs bærekraftsmål?

-
MML undersøkjer vilkåra til dei vi bestiller varer og tenester frå og vel bedrifter som er opne om vilkåra til arbeidarane og som respekterer grunnleggande menneskerettar.
-
MML vil alltid prøve å kjøpe brukt og donere til gjenbruk når dette er mogeleg.
-
MML tar ansvar for matsvinn og syter for minimalt matsvinn ved våre arrangement. Vi bruker mogelegheita for å levere tilbake varer vi ikkje bruker så langt som det er mogeleg.
-
MML vel kortreist og lokalprodusert mat når dette er mogeleg.


-
Musikk lager ikkje fysisk fotavtrykk som øydelegg miljøet men har ein positiv effekt på livskvaliteten. Forsking viser at musikk både har ein førebyggjande effekt og ein behandlande effekt på både fysisk og psykisk helse. Musikkaktiviteter bidrar til fellesskap og tilhøyring, og er dermed viktig for å motverke einsemd og utanforskap. Korps er god folkehelse, både for den einskilde musikar og som førebyggjande aktivitet i samfunnet. MML tar stort ansvar for rekruttering og for å spreie bodskapen om kvifor korps er viktig, og arbeider målretta og systematisk med å få fleire til byrje i korps og hindre fråfall frå miljøet.
-
MML er som einaste korps i Norge nasjonale MOT-ambassadørar, eit oppdrag vi har hatt i 15 år og som vi tar svært alvorleg. Vi har fem utdanna sertifiserte MOT-coachar som arbeider med MOT sine verdiar og verktøy både innad i MML og ut mot skulekorps. Fokus her er korleis vi skal ta vare på kvarandre og være gode rollemodellar for barn og unge. Viktig å vise korleis ein kan vere ein god ven og ha gode relasjonar til dei rundt oss.
-
MML oppmodar både eigne medlemmer og andre til å ta sunne og gode val for eiga helse. Dette er også noko vi er bevisste som rollemodellar for skulekorpsa.
-
MML har også fleire blodgivarar blant sine medlemmer, og oppmodar alle som kan til å gje blod.
-
MML har ei bevisst haldning til likestilling og arbeider for at alle får dei same rettane i ulike situasjonar. MML er medvitne ulike posisjonar i vårt eige miljø og vil bidra til at kvinnelege dirigentar og komponistar får sjansen til å stå fram.
-
MML er opptatt av å hindre negativ språkbruk når ein omtaler kvinner generelt.


-
MML er medvitne rollemodellar til born og unge både nasjonalt og internasjonalt. MML har ei uttala haldning om å arbeide mot diskriminering og alle formar for rasisme. MML har som MOT-ambassadørar mange års coaching i korleis ein kan arbeide med inkludering og korleis ta vare på kvarandre i ulike situasjonar. Særleg via MML sine prosjekt for born og unge er dette eit uttala mål, der inkludering, meistring og trivsel er i fokus.
-
MML arrangerer ei rekkje aktivitetar i lokalsamfunnet og tar ei aktiv rolle i å invitere flyktningar og innvandrarar til våre arrangement.
-
Det er eit viktig prinsipp at alle våre aktivitetar og prosjekt skal vere gratis for barn og unge. Dette gjeld både slagverkssatsinga, KorpsMOT, sitt-inn-øvingar og ulike instrumentaldagar. Dessutan har skulekorpsmusikantar gratis inngang på alle våre konsertar.
-
MML vil samarbeide med andre og ta gode val for eiga drift for å bidra til å stoppe klimaendringane.
-
MML vil bidra til å redusere forbruk ved å velgje gjenbruk når dette er mogeleg.
-
MML vil velgje miljøvenleg transport så langt dette er mogeleg.
-
MML er medvitne førebilete for barn og unge og vil framsnakke gode val og handlingar til dømes når det gjeld kjeldesortering, gjenbruk, redusere forbruk av kjøtt, delta på ulike rydde-aksjonar osv.


-
Ein av dei beste måtane å verkeleg gjere ein forskjell på, er å bli ein aktiv medborgar og organisere seg i samarbeid med andre. MML er positive og oppfordrar eigne medlemmer og andre til å bli aktiv i ein ideell organisasjon eller eit politisk parti. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko.
-
MML vil samarbeide med andre kulturaktørar, støttespelarar og organisasjonar om viktige mål for framtida. Saman kan vi kanskje oppnå eller bidra til viktige endringar i retning av eit meir berekraftig samfunn.