MOT-ambassadørar
MOT styrkar ungdom si robustheit og mot gjennom forebyggande livsmeistringsprogram. MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom, der målet er å bidra til robuste ungdommar som tek eigne val og bidreg til trygge ungdomsmiljø.
MOT arbeider ut frå tre kjerneverdiar:
MOT til å leve:
-
Vere seg sjølv
-
Leie seg sjølv
-
Ha "passion"
-
Akseptere å ikkje alltid vere "bra"
MOT til å bry seg:
-
Skape godkjensla hjå andre
-
Vise respekt
-
Vise kjærleik
-
Vise omsorg for dei som er utanfor
MOT til å seie nei:
-
Prioritere
-
Stå for eigne verdiar
-
Våge å seie ifrå
-
Praktisere tøff kjærleik
Manger Musikklag sine medlemmer fungerer som positive førebilete for ungdom, og held fram med dette arbeidet som MOT-ambassadørar. Eit ambassadørlag skal forsterke MOT-bodskapet, og MOT samarbeider med norske topplag for å påverke spelarane til å vere gode førebilete og rollemodellar.
MOTivatørane i Manger Musikklag jobbar primært mot skulekorpsa i regionen, eit arbeid som gjer MOT endå meir synleg på ungdommen si fritidsarena. MOT formulerer det slik: "Gjennom å bruke profilerte forbilder innenfor idrett og kultur til å fronte MOT sitt budskap, så forsterker vi MOTs effekt på målgruppa."
Alle skulekorpsmusikantar kjem gratis inn på samtlege konsertar som er i korpset sin regi. Nordhordland er eit heilt spesiell region på landsbasis med sitt høge nivå på skulekorpsa, og med det høge talet på ungdom som er aktive korpsmusikantar. Medlemmane i Manger Musikklag jobbar tett på ungdom kvar einaste veke som dirigentar og/eller instruktørar i lokale skulekorps, kulturskular, eller har undervisning i privat regi. Korpset arrangerer instrumentdagar, har sitt inn-øvingar, konsertar med lokale skulekorps, og er ellers aktive over store delar av landet i løpet av året som tilsette ved blant anna Norges Musikkorps Forbund sine musikkurs. Manger Musikklag er svært synlege på ungdom sin fritidsarena.
Ein ungdom sa: «MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å seie nei gjer det enklare for oss ungdommar å leve.»
Manger Musikklag har vore nasjonale MOT-ambassadørar sidan 2010.