top of page

BrassWind er ein årleg festival der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Under festivalen møtest windband, brassband og ensemble, der flinke, engasjerte amatørar og skulekorpsmusikantar møter profesjonelle utøvarar, dirigentar og komponistar under same tak.


Manger Musikklag har sidan slutten av 1970-talet satsa tungt på ny musikk for brassband. Dette har ført til ei rekkje urframføringar og fleire cd-utgjevingar som har profilert både denne musikken og nye norske komponistar. MML skal urframføre minst eitt verk kvar sesong, og BrassWind-festivalen vart etablert av korpset i 2004 for å etablere ein god arena for ny musikk for korps, og løfte denne musikken ytterlegare fram for nye publikum.
 

Manger Musikklag sitt arbeid med ny musikk var ein viktig kompetanse då musikklaget saman med komponist Torstein Aagaard-Nilsen starta arbeidet med festivalen i 2003. MML har ein bestillingspolitikk av ny musikk som passar festivalprofilen perfekt, og det er difor heilt naturleg at korpset både eig og gjennomfører BrassWind - på dugnad! 

 

Festivalen vart første gong arrangert i Teatergarasjen i Bergen i oktober 2004, og var ein stor suksess. Sidan den gong har BrassWind vore arrangert både i Logen Teater, Johanneskirken, Manger kyrkje, Grieghallen, 
Universitetsaulaen i Bergen, og vore på turné til Os og Manger med dokumentaroperaen “Hypermusikal” under BrassWind-festivalen 2009.​​

Mange nye norske verk har fått si førsteoppføring under festivalen, også sceniske verk, og ein av BrassWind-festivalen sine største suksessar er nettopp dokumentaroperaen ”Hypermusikal” av Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo. Denne var tinga til BrassWind 2009 og hadde fire førestillingar under festivalen, ei oppsetjinga som førte til at MML, som første brassband nokonsinne, vart invitert til å setje opp to førestillingar i Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika i Oslo 21. mai 2011. Den innovative dokumentaroperaen om og med MML vart ein suksess med over 600 selde billettar i Oslo aleine, og “Hypermusikal” hausta strålande kritikkar både i presse og hjå publikum.


Ei imponerande rekkje etablerte, og nye, aktuelle og levande komponistar har fått musikken sin urframført av ei fantastisk samling profesjonelle ensembler, solistar, amatørkorps eller til og med skulekorps under BrassWind-festivalen.​ Nedst på denne sida finn du eit utdrag av desse aktørane.

Torstein Aagaard-Nilsen var BrassWind-festivalen sin kunstnariske leiar sidan oppstarten i 2004 og fram til og med 2022. I 2023 tok Craig Farr over som kunstnarisk leiar.

BIT20.jpg

Deltakarar (utdrag)

 

Urframførte komponistar

 

Eilert Tøsse – Ørjan Matre – Ketil Hvoslef - Stig Nordhagen - Jostein Stalheim – Dagfinn Koch - Glenn Erik Haugland – Heidi Tronsmo - Camilla Skrede Johannessen – Terje Isungset – Torstein Aagaard-Nilsen – Knut Vaage - Jon Øivind Næss - Bjørn Kruse - Gary Peterson – Olav Anton Thommesen – Helge Sunde – Martin Winter - Webjørn Sæther – Geir Johnson - Ruben Sverre Gjertsen - James Clapperton – Paul McGhee - Fredrick Schjelderup - m.fl

 

Profesjonelle aktørar

 

Sjøforsvarets Musikkorps - Norwegian Brass Expo - BIT20 Ensemble – Bergen Filharmoniske Orkester Trompetensemble - Pinquins - Fine Arts Brass – Bergen Nye Trombonekvartett – Fløyboba - Norwegian Cornett & Sackbutts - Angedalen Bruuns Sextett - Det Norske Blåseensemble - Stockholm Chamber Brass - Tromsø Sinfonietta - Klang av Oldtid - Telemark Messingensemble - NyNorsk Messingkvintett - Ensemble Ernst - Momentum Brass - Saxifraga Quartet - m.fl

Solistar

Christian Lindberg – Arve Henriksen – Rolf-Erik Nystrøm – Marius Hesby – Bjørnar Habbestad - Eirik Gjerdevik - Rolf Borch – Erlend Aagaard-Nilsen – Ole-Henrik Mohn Pettersen - Jesper Juul - Christian Stene - Bente Illevold -  m.fl

Amatørkorps

 

Manger Musikklag – Dragefjellets Musikkorps – Stavanger Brass Band – Sandviken Ungdomskorps – Eikanger-Bjørsvik Musikklag – Krohnengen Brass Band – Oslofjord Brass - Manger Fhs Brass Band - Hordaland Ungdomskorps – m.fl

Skulekorps

 

Krohnengen Skoles Musikkorps – Manger Skulemusikklag – Tertnes Skoles Musikkorps – Midtun Skoles Musikkorps - Knarvik Skulemusikk -m. fl

bottom of page