top of page

…and that’s a wrap - 2024!

Så er 2024 snart forbi - eit særs innhaldsrikt år for Manger Musikklag. Laget er i god utvikling og har gleda av gode samarbeid med ei rekkje fantastiske dirigentar og artistar gjennom året, noko vi er veldig stolte av og glade for. Minst like viktig er det å nemne kor utruleg takksame MML er for alle som vel å følgje laget år etter år - anten det er som publikum, heiagjeng på konkurransar eller ved å støtte laget med å kjøpe lodd eller bidra på dugnad. Tusen takk!

Manger Musikklag fekk andreplass i elitedivisjonen i år, både på NM i Grieghallen i februar og på Siddis Brass i Stavanger i november. Begge konkurransane har vore under leiing av vår kunstnarlege leiar Allan Withington, og Siddis-programmet var og sett saman av han. Vi vil nytte høvet til å rette ei stor takk til Allan for nøye og inspirerande jobbing gjennom heile året.


Laget har hatt ei rekkje konsertar gjennom året. Eit høgdepunkt er definitivt Festaftan med dirigent og trombonist Even Skatrud i Radøyhallen. Dette har blitt eit etablert innslag i sesongplanen, og ei happening på Radøy som vi håpar skal vakse seg endå større. I år hadde vi med oss stjerneartist Tor Endresen. Radøyhallen var full av feststemte menneske og DJ Torbjørn Mjøs spelte til dans til langt på natt.


Manger fekk og gleda av å stifte kjennskap til Andreas Hanson gjennom konsertserien «Tidenes beste» der ein i år spelte musikk frå 1990-2000. I tillegg hadde vi tradisjon tru oppstartskonsert i Manger kyrkje under leiing av vår faste dirigent Tormod Flaten, og ei veke seinare ensemblekonsert der vi fekk møte dei nye elevane ved Manger FHS som vi er glade for å samarbeide med. Eit anna høgdepunkt å trekkje fram, er avslutninga av året der vi spelte to flotte julekonsertar med solist Lydia Hoen Tjore.


BrassWind fylte heile 20 år i år - som blei markert med stort jubileum i Bergen sentrum. Festivalen opna i Grieghallen der MML spelte konsert i foajeen, før Bergen Filharmoniske Orkester spelte konsert som ein del av festivalen. Vi hadde besøk av festivalartist Sarah Belle Reid som spelte trompet blanda med elektronikk og ei rekkje andre artistar var med. Festivalen var i år på fleire lokasjonar; Grieghallen, Johanneskirken, Kulturhuset i Bergen og Nykirken.


Eit verkeleg stort høgdepunkt for MML i år, var turné ned i Europa. På ei veke fekk vi oppleve å spele konsert med fleire andre fantastiske europeiske korps: Hauts-De-France Brass Band i Lille, BrassBand Schoonhoven i Hilversum og Brassband Willebroek i Brussel. Desse konsertane var og under leiing av kunstnarleg leiar Allan Withington, og det som kanskje gjorde aller mest inntrykk var å spele «The Lost Chord» i massed band på alle tre konsertane.


Manger Musikklag er og stolte av at me endå får halde fram som MOT-ambassadørar. I år starta me opp korpsMOT, der me inviterte skulekorpsungdom til ein dag med MOT-aktivitetar, samspel, leik og grilling. Dette var stor suksess - og noko me ser fram til å fortsette med. I tillegg har me hatt instrumentdagar på Gamle Alversund Skule, for å skape ein samlingsplass der musikantar i alle aldrar kan kome for å bli kjent, spele i lag og utvikle seg. Slagverkarane har hatt to dagar med Snorre Svenningsen og Hornistane hadde horndag med Sheona White.


MML har no retta blikket mot 2025 og jobbar mot NM brass i Grieghallen i februar. Vi vil igjen takke alle som er med oss på reisa - og ønskjer våre følgjarar eit riktig godt nytt år!

bottom of page