top of page

Andreplass og underhaldningspris i Siddis Brass 2024!


Manger Musikklag har igjen delteke i Siddis Brass, og spelte eit program som tok føre seg og feira livet til den kjende forfattaren og karakteren Oscar Wilde, for eit nærmast fullsett Stavanger Konserthus.


I programmet fekk folk høyre både irsk, engelsk og fransk musikk. Sondre Johan Chesney Kvamme, tidlegare tubaist i MML, spelte rolla som Oscar Wilde på scena og ga publikum eit innblikk i kven Wilde var, kva han var oppteken av, rettssaka han tapte og slutten på livet hans som enda altfor tidleg og einsamt på eit billeg hotell i Paris. 

Programmet og spelinga blei godt motteken av publikum, med ståande applaus. I tillegg blei konserten premiert med underhaldningspris og ein flott andreplass i elitedivisjonen. Styreleiar i Manger Musikklag, Marianne Bratshaug Gjertsen, uttalar at «Musikklaget er godt nøgde med å ha gjort ein så god figur i Siddis Brass. Laget er i form, har ein strålande besetning som no er klare for å jobbe mot nye prosjekt; festkonsert på Mangerfestivalen, Dirigentlab og ikkje minst den tradisjonsrike julekonserten som du i år kan høyre både i Manger kyrkje og i Nykirken i Bergen». 

bottom of page