top of page

Julekonsertane 2024


I år slo MML på stortromma og heldt heile to julekonsertar, ein i Manger kyrkje og ein i Nykirken i Bergen sentrum. Med fullsette kyrkjerom vart det to flotte og stemningsfulle kveldar i desember.


MML vart under leiing av sin faste dirigent, Tormod Flaten. Tidlegare MML-musikant, Sondre Johan Chesney Kvamme, stilte opp som konferansier. Ikkje minst var stjernesopranen Lydia Hoen Tjore med og song alt frå gode juleklassikarar til store klassiske verk som Rusalkas song to the moon. Kyrkja var fullsett og det var både trampeklapp, gåsehud og tårer. Programmet inneheldt både kjende julesongar og klassiske verk som høyrer jula til.


Konsertane hausta mange gode tilbakemeldingar, og det blei mellom anna uttalt at dette var «den beste julekonserten nokon sinne», «alle rundt meg tørka tårer», «Lydia er fantastisk, fabelaktig, tenk å få høyre ei slik stjerne lokalt på Manger» og ikkje minst «Konserten vil få den mest værsjuke vestlending til å smila».

Manger Musikklag vil rette ein stor takk til alle som kom på konsertane i helga, og til alle som har følgt oss gjennom året. Det betyr enormt mykje for oss å ha folk i salen når me speler konsert og å sjå kjende fjes når me gjer ulike prosjekt.


Ein veldig stor takk til Sparebanken Vest for stønad til at me kunne få til desse konsertane. Dette skapte mykje gledje og julestemning for mange i lokalmiljøet og i Bergen by. Tusen takk!





bottom of page