top of page

NM-førebuing for MML!

Manger Musikklag stiller i elitedivisjonen i NM Brass som går av stabelen 7.-9. februar 2025.

Manger Musikklag har i desse dagar starta med førebuing til NM Brass 2025 i Grieghallen. Laget er under leiing av kunstnarleg leiar, Allan Withtington, på årets norgesmeisterskap. Pliktstykket i elitedivisjon er i år sett til å vere «Catharsis» - eit verk av unge og lovande Kjetil Djønne. Manger Musikklagg hadde Djønne inne som dirigent på #LydenAvUnge i 2023, og me gler oss no til å spele musikken hans på NM. Manger Musikklag har valt «A Gabrieli Fantasy» som sjølvvalt verk, og gler oss til å spele dette for alle i Grieghallen laurdag 8. februar klokka 19:50.


Begge verk er å høyre på før-NM-konsertane; fyrst på Sletta, sundag 2. februar og onsdag 5. feberuar i Åsane kulturhus.

bottom of page