Laurdag 15.mars arrangerte MML Festaftan for 7 gong i Radøyhallen. MML er svært nøgde med kvelden, korpset er i storform og leverte ein super konsert. Både dirigent Even Skatrud, Heine Totland og Karianne Kjærnes imponerte publikum med fantastiske musikalske prestasjonar i tillegg til god humor og sjarm. Etter konserten fortsette festen med DJ Mjøs som fekk folk på dansegolvet og heldt koken til langt på natt.

Dette er den beste festaftan nokon sinne - god stemning og full sal. Me er supernøgde! Styreleiar Marianne Bratshaug Gjertsen
Manger Musikklag vil rette ein stor, STOR takk til:
Sparebanken Vest og Hagel AS - dette er støttespelarar og konsertsponsorar som gjer det mogeleg for oss å skape aktivitet og sosiale møteplassar i lokalmiljøet. Tormod Flaten, vår faste dirigent som har førebudd korpset fram mot konserten. Tina Kvamme som har hovudansvar for program, arrangerer musikk og koordinerer alt med artistane. Terzz lyd som syter for godlyd og stemingsfull lyssetting isalen. YX Manger som serverer god mat til gjester og frivillige. Alle frivillige som hjelper til både med rigging, gjennomføring av arrangementet og nedrigg og rydding. Utandei hadde arrangementet ikkje vore mogeleg. Prosjektleiar Ronny Vetås, Christel Håland, Martin Frantzenog Sven Bjørnar Hermansen som syter for eit fantastisk arrangement år etter år.
Og ikkje minst, Tusen takk til PUBLIKUM som er med på å lage fantastisk stemning i salen, som gjer at både artistar og korps storkoser seg på scena og ynskjer å koma tilbake til Manger. .
Sett av datoen 30.mai 2026 for ny Festaftan med Knut Marius Djupvik. Det gler me oss til! Knut Marius kom til semifinalen i Idol som 16 åring, vann The Voice i 2013, og Stjernekamp i 2020. Han er ein av Norges aller beste vokalistar og det blir fantastisk å få han til Manger neste år sjekk ut www.knutmarius.no
Alle foto: Anne Kolstad Morken