top of page

Nytt samarbeid med Grieg Foundation


BrassWind og Manger Musikklag har inngått eit nytt samarbeid med Grieg Foundation over 3 år. «Et slikt samarbeid gir oss uanede muligheter, spesielt i satsinga mot barn og unge» seier kunstnarisk leiar for BrassWind, Torstein Aagaard-Nilsen. Sjå heile intervjuet med han nedst i artikkelen.


Med desse midlene ynskjer BrassWind å satse endå meir på barn og unge. På årets BrassWind-festival, er det satt av ein heil dag til «Barnas BrassWind» der barn og unge skal få jobbe med musikk som ligg utanom det vanlege repertoaret. Samarbeidet med Grieg Foundation er avgjerande for vidareutviklinga av dette prosjektet.


I høve Manger Musikklag sitt 100 års-jubileum, har korpset arrangert komponistkonkurransen #LydenAvUnge. Dette er eit prosjekt der unge komponistar vart inviterte til å skrive eigen musikk for brassband. Vinnarverket vil bli framført på jubileumskonserten 17. september. Samarbeidet med Grieg Foundation gjer at Manger Musikklag kan halde fram med slike prosjekt i framtida.


Torstein Aagaard-Nilsen fortel òg om moglegheita til å etablere mentorordningar for komponistar som kan gjere dei kjende med å instrumentere for brass- og windband. Høyr meir om dette i intervjuet.


BrassWind og Manger Musikklag er svært takknemlege for dette samarbeidet og ser fram til å kunne jobbe vidare med å utvikle brass- og windband repertoaret og å halde fram med satsinga på barn og unge.


BrassWind-festivalen 2022 vert arrangert 30. september – 2. oktober i Åsane Kulturhus. Les meir om årets festival her.




Manger Musikklag

Postboks 83

N-5931 Manger
Norway

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Organisasjonsnummer

984580045

Vipps

95263

Bankgiro

3636 50 24078

© 2025 Manger Musikklag

bottom of page