top of page

Sesongopning 24/25 i Manger Kyrkje

Foto: Sondre Villanger Håland

Sundag 25. august var det, tradisjon tru, sesongopning i Manger Kyrkje. Tormod Flaten, ny fast dirigent for laget, har jobba godt dei siste vekene så dette blei ein god start på sesongen.


Styremedlem Christel Håland var konferansier denne kvelden og haldt tråden gjennom heile konserten. Manger Skulemusikklag var også i år med, og opna konserten med ei eiga avdeling under leiing av dirigent Thorgeir Thunestvedt. Me er stolte av å ha ein så fin tradisjon med å opne sesongen i lag med skulemusikken.


Foto: Sondre Villanger Håland

MML spelte eit variert program som mellom anna inneheldt ein marsj, ein duett med Rune Gundersen og Anne Britt Hermansen som solistar og eit større verk av Peter Graham. I tillegg spelte Rafael (kornett) og Wilgot (euphonium) frå skulemusikken soloar med MML - begge gjorde ein fantastisk figur! Rafael Fernando Johnsen Silva er også tatt opp som hospitant i MML og blir altså å sjå på kornettrekka til musikklaget på fleire prosjekt denne sesongen.


Konserten avslutta med eit flott fellesnummer. Me vil takke alle som tok turen til kyrkja og delte kvelden med oss. Me set veldig pris på støtta me får av folk rundt oss - og spesielt frå publikumet heime på Radøy.


MML sitt neste prosjekt er ensemblekonsert på Manger FHS tysdag 3. september, før det brakar laus med jubileumsutgåve av BrassWind 26.-29. september.

コメント


bottom of page