top of page

Turné i Europa

For å avslutte sesongen 2023/2024 reiser Manger Musikklag på turné i Europa. Her skal korpset spele konsert med tre andre toppkorps frå ulike Europeiske land. Dette er ein tur laget har planlagt og gledd seg til lenge.



Tysdag 25. juni reiser korpset med fly til Amsterdam og rett vidare med buss til Belgia. Laget vert buande i Gent frå tysdag til fredag der ein brukar tida til både å vere turistar og ha litt ferie, samt til å ha øving i eit lokale som Brass Band Gent har hjelpt oss med å få tak i. Laget sin kunstnarlege leiar, Allan Withington, skal leie laget gjennom heile tre konsertar på turneen. På programmet til Manger står mykje norsk musikk; alt frå «Puls» av Svein Henrik Giske til «Brass Blót» av Håkon Berge, som var pliktstykke på EM i Stavanger i 2008. I tillegg får me høyre nokre perlar; «Vidda» av Ole Edvard Antonsen med Anne Britt Hermansen som kornettsolist og «Blåmann Blåmann», ei tradisjonell norsk vise arrangert av Idar Torskangerpoll, med solist Frida Solberg Ellingsen på flygelhorn.

Torsdag 27. juni køyrer laget tur - retur Lille for å spele konsert med Hauts-de-France Brass Band på kvelden. Konserten startar klokka 19:30 og vil finne stad i lokalet Le Kiosk - rue de Lille, Marquettes-lez-Lille. På denne konserten vert det gratis inngang. HDF er eit av dei leiande korpsa i Frankrike og vant beste pliktnummer på Europameisterskapen 2024 i Palanga med

heile 98 poeng.


Fredag morgon sjekkar me ut av hotellet i Gent og tar buss til Hilversum i Nederland. Same kveld speler me konsert med Brassband Schoonhoven i Muziekcentrum van de Omropep. Konserten startar klokka 20:00. Brassband Schoonhoven har lenge vore eit leiande korps både i Nederland og Europa, og kan mellom anna skilte med siger i Dutch Open og siger i Flemish Open det siste året.


Laurdag morgon set laget kursen mot Belgia og Brussel. Her skal me spele den siste konserten på turneen i lag med Brassband Willebroek. Konserten startar klokka 1930 i Koninklijk Concervatorium Brussel, Regentschapsstraat 30, 1000 Brussels. Brassband Willebroek er, i likskap med dei to andre korpsa me skal spele med, leiande i Europa og kan skilte med siger i Belgiske meisterskap 2023 og tredjeplass i Europameisterskapen 2024.

Manger Musikklag gler seg enormt til å reise og vonar mange kjem på konsertar i Europa. Følg med i våre sosiale media for oppdateringar og innblikk i kva me gjer på tur!



Kommentarer


bottom of page